Sandkasse og møtestad for Nordfjord Fotoklubb

Tuesday, October 22, 2013

Program for høsten 2013

Formann Svein har ordet

Onsdag 23. oktober:

Eg har gjort avtale med Eurofoto på Breim om å få kome inn der for å sjå på produksjonen deira og fotolabben. Vi møter ved studio kl 1630 for å fordele oss i bilane, avreise 1640. Ferja går kl 1700, og då er vi på Reed litt før kl 1800. Er det nokon som har bilde som de vil ha skrive ut vil Eurofoto spandere nokre eksemplar. Ta med bilda på minnepenn. Når vi er ferdige på Eurofoto etter 1-2 timar reiser vi ned på Sandane og går på resturant Mona Lisa. Dei har pizza, pasta og diverse andre rettar og kvar enkelt bestemmer kva og om ein vil ete. Trur det kan bli litt triveleg med ein tur til Gloppen. Ta med kamera, plutseleg dukkar det opp eitkvart som kan fotograferast.

Onsdag 6. november.

Vi møtast i studio kl 1900 der Lars Lunde tek føre seg avfotografering av gamle negativar/bilder og kva ein kan gjere med dei for å få skikkelege bilder utav dei.

Onsdag 20. november.

Den dagen er vi inviterte til Skei på portrettfotokurs/foredrag med Marcel Lelienhof som er ein av Norges beste og mest meritterte fotografar. Eg har ikkje fått alle detaljane enno, men kurset er på Skei hotell, og startar kl 1800. Vi må difor reise med 1630 ferja for å være sikker på å nå fram i tide. Kurset er gratis, men Reidar Helgheim på Skei vil ha påmelding så tenk over om du vil nedover. Eg kjem tilbake til fleire detaljar etterkvart. Dette kan bli veldig interessant og spanande!!!

Onsdag 4. desember.

Den kvelden blir det foredrag/bildeframsyning av Jorunn Breiteig og Inge Mykland som var på tur til Nepal i fjor. Jorunn er ein framifrå fotograf og har sikkert mange flotte bilder og spanande historier å fortelje om. Vi møter i studio kl 1900.
-----------------

Når det gjeld programmet etter nyttår har styret lagt ein liten grovplan, dette skal vi kome tilbake til etterkvart.

Dersom det skulle være spørsmål, idear eller kva som helst er dt berre å ta kontakt. Eg er stort sett tilgjengeleg frå kl 0700 om morgonen til kl 2300 om kvelden på telefon 90614751.
Vel møtt til førejulsfotoprogram.
Fotohelsing Svein

Thursday, May 9, 2013

Blåtur 2013

Årest blåtur gikk til stabburet på garden til Ole Martin Rotihaug.
Foto: Tim Øsleby

Trivelige lokaler, med et primitivt men effektivt kjøkken. Det siste måtte vi selvfølgelig utnytte, så klubbens kokk Geir Magne Strøm ble satt i arbeid.


Foto: Anna Wüttudal


Foto: Tim Øsleby

Foto: Anna Wüttudal

Foto: Anna Wüttedal

Maten var god den. Det sto ikke på det. Fire retter, og gode og mette ble vi alle. Svein Nesbakk viste og ei side som var ukjent for mange av oss. Mannen har ei lyrisk åre, og deklamerte flere underholdende dikt.

Monday, March 11, 2013

Øystein holder - Minikurs i redigering

Øystein skal holde minikurs i bilderedigering. I den forbindelse sender han oss disse bevingede ord: 

Ein liten hjelp på veien – minikurs i redigering.

Fotodoktoren 16-17 mars 1200-1500 begge dager.


Sjølve redigeringa foregår i Cs,men om nokon har Elements så går det også. Desse er nokonlunde like.
Her skal vi prøve så godt vi kan å få med alle. Om nokon har andre redigeringsprogram,
så er det ingenting i veien for å vere med, men eg kan desverre ikkje alle typane....men vil hjelpe så godt en kan.
Her vil vi bruke god tid på dei enklaste verktøya i programma.
Først viser eg nokre bilde rett frå kamera til ferdig bilde redigert på min måte, mitt uttrykk.
Føreløpig plan er at på lørdag så får alle tilgang til nokre bilder som eg har tatt, nokre er feileksponert andre ikkje.
Saman går vi trinn for trinn prosessen med akkurat dette bildet.
På denne måten trur eg vi får med flest mogeleg med i tankegang og utvikling av det ferdige bildet.
På søndag vil det bli meir induviduellt.
Alle har sine idear og uttrykk med bildene sine, dette skal vi gå igjennom denne dagen.
Her må alle ha med seg bilete sjølve, eller vi lagar eit tema og går ut å brukar kamera.
Dette får vi lodde stemninga på lørdagen.
Vi vil diskutere mykje om kva tankar vi har kring bildene våre.
Ta med bærbar Pc eller Mac.
Vi jobbar i JPG, då ikkje alle har program som konverterar RAW filer.

Monday, March 4, 2013

Møte onsdag 06.03.13 kl 19.00

Fotovurdering ta med 3 bilder kvar, som vi diskuterer i plenum.
Bildene fra Standa festivalen har og kommet!

Monday, February 25, 2013

Fotofilosofi

På tampen av årsmøtet leste kjære nyvalgte leder Svein Nesbakk opp noen tanker han hadde gjort seg.



Uansett kor lang linse du har er det alltid nokon som har lenger. 
Uansett kor stort apparat du har er det alltid nokon som har større. 
Uansett kor gode bilder du tar er det alltid nokon som tar betre. 
Uansett kor mange bilder du tar er det alltid nokon som tar fleire

Fortvil likevel ikkje, sjølv om du aldri vil bli størst eller best har du funne deg ein hobby du kan drive med resten av livet og du kan ta dei bilda akkurat du likar best. 
Spør andre om gode råd, men vær ikkje redd for å gå dine eigne vegar og finne din eigen stil, det er berre du som veit akkurat korleis du vil ha bilda dine. 
Kanskje kjem den dagen at publikum kjenner igjen uttrykket i bilda dine fordi det er berre du som har fantasi til å lage akkurat dei bilda. 
Gå gjerne utanfor allfarveg og opptrakka stiar, det der der folk sjeldan ferdast du finn dei beste motiva, og kanskje ser du noko ingen har oppdaga før.
Har du gode idear, vær ikkje redd for å dele dei med andre.   
Kanskje kan akkurat din ide være grunnlaget for noko alle kan ha glede av. 
Vær ikkje redd for å gjere feil,om du gjer 49% feil og 51% rett peikar nåla rette vegen. 

Wednesday, January 23, 2013

Årsmøteinnkalling 2013

Det blir med dette kalla inn til årsmøte i Nordfjord Fotoklubb

20. februar kl 19.00 i lokala til Z-Fotostudio. 

Saker som ein ønskjer skal bli handsama på årsmøtet, må vere styret i hende seinast to veker før
årsmøtet.

Styret
 
 
 
-------------------
 
Vi minner samtidig om medlemskontingenten:
 
Medlemskap i Nordfjord fotoklubb 2013
(inkludert medlemskap i NSFF)
Kr. 500 for 1 år.
Kr 250 frå 1.juli.

Halv pris for pensjonistar og studentar.

Betal innan 15.februar til kontonummer: 3705 15 63507
Kun medlemmar har stemmerett på årsmøte. Dei som ikkje betalar innan fristen vil også bli sletta frå medlemslista i NSFF.

Vennleg gje beskjed om du ikkje lenger vil vere medlem.

Thursday, January 17, 2013

Aktivitetar framover.

Vi startar opp igjen etter vinterdvalen.


Førebels aktivitetsplan for Nordfjord Fotoklubb 2013

Onsdag 30. januar kl 19.00 på Z-Fotostudio:
• Lars Lunde viser bilete frå Amerikaturen som han var på i jula.
• Innspel til aktivitetsplan for 2013. Vi diskuterer kva vi skal drive
med i fotoklubben i 2013, tema for klubbkveldar, tema for
kurs/workshops, kvar skal vi reise på tur osv.

Laurdag 2. og søndag 3. februar: Vi reiser til Ålesund/Moa på
workshop/kurs i naturfotografering med Kai Jensen som Ålesund
kameraklubb arrangerer. (Så langt er vi sju påmelde frå Nordfjord
Fotoklubb)
http://nordfjord-fotoklubb.blogspot.no/2012/12/workshop-i-naturfotografering-med.html

Onsdag 20. februar kl 19.00 i Z-Fotostudio: Årsmøte i Nordfjord Fotoklubb 2013.

Lør. 16. 0g søn. 17. mars, kl. 12.00 - 15.00: Fotoredigering ved Øystein Torheim.

EDIT: For resten av vårprogrammet: Se venstre marg.