Sandkasse og møtestad for Nordfjord Fotoklubb

Saturday, September 3, 2011

Kurs i kreativ fotografering

Magnar Fjørtoft kjem til Nordfjordeid for å halde kurs i kreativ fotografering helga 16.-18. september. Nordfjord Fotoklubb er arrangør, og kurset vert halde i Operahuset Nordfjord/Eid vgs.

Magnar Fjørtoft underviser i grafisk design og foto på medialinja ved Tingvoll vidaregåande skule. Han jobbar i tillegg med ulike prosjekt og held kurs innan foto. Han driv også eige forlag og har gjeve ut boka Digital fotografi i praksis.

Fjørtoft lovar eit underhaldande og inspirerande kurs som er litt annleis enn vanleg. Her er det ikkje lukkar og blendar som har hovudfokus. Her skal ein prøve å gå litt forbi det fototekniske, og kursdeltakarane vert inviterte inn i bilda. Bildeinnhald og bildeforståing, korleis vi ser og oppfattar eit bilde er litt av det som du får lære, og Fjørtoft lovar at i løpet av kurset skal deltakarane få auka sitt ordforråd i høve til å bildeforståing.

Du treng ikkje noko særleg forkunnskap for å bli med og skal ikkje vere redd for lange timar med kjedeleg teori. Kunnskapen du får vil bli sett inn i ein praktisk samanheng med rom for eiga fotografering.

– Folk kan meir enn dei trur. Du kan bruke grøn knapp og få godt utbytte av kurset. Det er mange måtar å jobbe på fotografisk. Mitt store håp er at folk skal våge å prøve nye ting og å få mot og tillit til å kjøre sitt eige løp, seier Magnar Fjørtoft. Han liker å halde på med landskap- og naturfoto når han styrar på for seg sjølv. Han har også kunstnarisk utdanning og jobbar med større prosjekt som deltakarane også vil få sjå smakebitar av på kurset.

Kurset høver for fotoentusiastar som gjerne vil utvikle seg og prøve nye måtar å fotografere på.

Vi startar fredag 16. sept. kl. 18.00 og avsluttar søndag ettermiddag.
Laurdag kveld vert det sosial samling på ein av utestadane for dei som vil.

Påmelding til tlf 41517359 eller e-post: gunnalise.sodermann@gmail.com

Påmeldingsfrist: 12.september.

Pris for medlemmer: 1200 kr

Pris for ikkje-medlemmer: 1700 kr.

Betal til Nordfjord Fotoklubb, kontonr: 3705 15 63507

No comments:

Post a Comment