Sandkasse og møtestad for Nordfjord Fotoklubb

Monday, January 23, 2012

Fotokveld med Svein






Onsdag startar fotoklubben opp igjen etter vinterdvalen og tilbyr medlemmer og andre interesserte ein spennande fotokveld i Svein Nesbakk sitt fotorike.





Svein har vore med sidan starten av Nordfjord Fotoklubb for tre år sidan og er ein av dei aller ivrigaste og mest entusiastiske medlemmene i klubben. Sitt første spegelreflekskamera kjøpte han i 1976, og han har tilbrakt mange timar i mørkerom før overgangen til digitalkamera i 2005. Det har blitt mange tusen bilete opp gjennom åra. No har Svein gjort eit dykk ned i arkivet sitt og leita fram godbitar som han vil dele med oss.





Det blir også fotokonkurranse med tema ”Meg”.





Tid og stad: Z-fotostudio onsdag 25. januar klokka 19.00.

No comments:

Post a Comment