Sandkasse og møtestad for Nordfjord Fotoklubb

Friday, March 28, 2014

Oppdatert program

Oppdatert program for våren 2014, 

samt skisse til høstprogram



2. April.  Produktfotografering.  Vi møter hos Cathrine Berg i nyebutikken, og der skal vi fotografere smykker og ringar.  Ei skikkeleg utfordring.Frammøte kl 1800.
30.April. Temafotografering. Temaet denne gongen er macro. Vi møter ved studio kl 1800, og området for fotograferinga vel vi der og då.
14. Mai.  Blåtur.  Tim og Kirsti tek oss med på ein hemmeleg plass. Klede og sko etter vær. Frammøte kl 1700 ved studio.
28. Mai. Livet i fjøra.  Vi dreg på fotosafari til Vågsøy. Frammøte kl 1700 ved studio. Klede og sko etter vær.
Tur til Runde.  Det var satt opp tur til Runde i byrjinga av juni.  Den turen tek vi opp til diskusjon på fyrste medlemsmøte for å lodde interessa.  Det er ingen i styret som har høve til å organisere denne turen. Kan det være aktuellt med eit alternativ, f. eks. ein dagstur?

-----------------------------------------------------------

6-7. September.  Fotokurs.  Tim startar sesongen med å arrangere nybegynnarkurs . Stad og klokkeslett blir bestemt seinare. Han treng og eit par hjelpeinstruktørar.  Kursavgift kr.1000,-  og får då gratis medlemskap i klubben i eit halvt år.
17. September.  Fotomarked.  Dei som har brukt fotoutstyr som dei vil selge tek det med, og så lagar vi eit lite minimarked med kjøp og salg. Frammøte i studio kl 1900.
1. Oktober.  Stilleben.  Frammøte i studio kl 1900.
15. Oktober.  Dråpefotografering.  Kirsti er ansvarleg.Framøte i studio kl 1900
29. Oktober.  Animasjon.  Frammøte i studio kl 1900
12. November.  Vi prøvar å få tak i ein fotograf utanfor klubben til å vise bilder og halde foredrag.
26. November. Temafotografering. Tid og stad kjem vi tilbake til.

Vi tek sikte på å få til ein fotokonkurranse i løpet av 2015, men dette kjem vi tilbake til.

Tuesday, February 4, 2014

Program for våren 2014

Onsdag 8. Januar kl 1900 i studio. Lyssetting med blitz, del 1, teori. Kursleiar Tim.
Onsdag 22. Januar kl 1900 i studio. Temafotografering.
Onsdag 5. Februar kl 1900 i studio. Lyssetting med blitz, del 2, praksis. Kursleiar Tim.
Onsdag 19. Februar kl 1900 i studio. Årsmøte. Bildeframsyning av eit av medlemmane i klubben.
Onsdag 5. Mars kl 1900 i studio. Gruppefotografeirng.
Onsdag 19. Mars. Actionfotografering på Harpefossen. Tidspunkt best. seinare.
Onsdag 2. April. Produktfotografering. Tidspunkt og stad kjem vi tilbake til.
Onsdag 30. April. Temafotografering. Tid og stad best. seinare
Onsdag 14. Mai. Blåtur. Ansvarlege:Tim og Kirsti
Onsdag 28. Mai. Fotografere livet i fjøra. Tid og stad best. seinare.
Laurdag/Søndag 7-8 juni. Helgetur til Runde. Detaljar seinare.

Tuesday, October 22, 2013

Program for høsten 2013

Formann Svein har ordet

Onsdag 23. oktober:

Eg har gjort avtale med Eurofoto på Breim om å få kome inn der for å sjå på produksjonen deira og fotolabben. Vi møter ved studio kl 1630 for å fordele oss i bilane, avreise 1640. Ferja går kl 1700, og då er vi på Reed litt før kl 1800. Er det nokon som har bilde som de vil ha skrive ut vil Eurofoto spandere nokre eksemplar. Ta med bilda på minnepenn. Når vi er ferdige på Eurofoto etter 1-2 timar reiser vi ned på Sandane og går på resturant Mona Lisa. Dei har pizza, pasta og diverse andre rettar og kvar enkelt bestemmer kva og om ein vil ete. Trur det kan bli litt triveleg med ein tur til Gloppen. Ta med kamera, plutseleg dukkar det opp eitkvart som kan fotograferast.

Onsdag 6. november.

Vi møtast i studio kl 1900 der Lars Lunde tek føre seg avfotografering av gamle negativar/bilder og kva ein kan gjere med dei for å få skikkelege bilder utav dei.

Onsdag 20. november.

Den dagen er vi inviterte til Skei på portrettfotokurs/foredrag med Marcel Lelienhof som er ein av Norges beste og mest meritterte fotografar. Eg har ikkje fått alle detaljane enno, men kurset er på Skei hotell, og startar kl 1800. Vi må difor reise med 1630 ferja for å være sikker på å nå fram i tide. Kurset er gratis, men Reidar Helgheim på Skei vil ha påmelding så tenk over om du vil nedover. Eg kjem tilbake til fleire detaljar etterkvart. Dette kan bli veldig interessant og spanande!!!

Onsdag 4. desember.

Den kvelden blir det foredrag/bildeframsyning av Jorunn Breiteig og Inge Mykland som var på tur til Nepal i fjor. Jorunn er ein framifrå fotograf og har sikkert mange flotte bilder og spanande historier å fortelje om. Vi møter i studio kl 1900.
-----------------

Når det gjeld programmet etter nyttår har styret lagt ein liten grovplan, dette skal vi kome tilbake til etterkvart.

Dersom det skulle være spørsmål, idear eller kva som helst er dt berre å ta kontakt. Eg er stort sett tilgjengeleg frå kl 0700 om morgonen til kl 2300 om kvelden på telefon 90614751.
Vel møtt til førejulsfotoprogram.
Fotohelsing Svein

Thursday, May 9, 2013

Blåtur 2013

Årest blåtur gikk til stabburet på garden til Ole Martin Rotihaug.
Foto: Tim Øsleby

Trivelige lokaler, med et primitivt men effektivt kjøkken. Det siste måtte vi selvfølgelig utnytte, så klubbens kokk Geir Magne Strøm ble satt i arbeid.


Foto: Anna Wüttudal


Foto: Tim Øsleby

Foto: Anna Wüttudal

Foto: Anna Wüttedal

Maten var god den. Det sto ikke på det. Fire retter, og gode og mette ble vi alle. Svein Nesbakk viste og ei side som var ukjent for mange av oss. Mannen har ei lyrisk åre, og deklamerte flere underholdende dikt.

Monday, March 11, 2013

Øystein holder - Minikurs i redigering

Øystein skal holde minikurs i bilderedigering. I den forbindelse sender han oss disse bevingede ord: 

Ein liten hjelp på veien – minikurs i redigering.

Fotodoktoren 16-17 mars 1200-1500 begge dager.


Sjølve redigeringa foregår i Cs,men om nokon har Elements så går det også. Desse er nokonlunde like.
Her skal vi prøve så godt vi kan å få med alle. Om nokon har andre redigeringsprogram,
så er det ingenting i veien for å vere med, men eg kan desverre ikkje alle typane....men vil hjelpe så godt en kan.
Her vil vi bruke god tid på dei enklaste verktøya i programma.
Først viser eg nokre bilde rett frå kamera til ferdig bilde redigert på min måte, mitt uttrykk.
Føreløpig plan er at på lørdag så får alle tilgang til nokre bilder som eg har tatt, nokre er feileksponert andre ikkje.
Saman går vi trinn for trinn prosessen med akkurat dette bildet.
På denne måten trur eg vi får med flest mogeleg med i tankegang og utvikling av det ferdige bildet.
På søndag vil det bli meir induviduellt.
Alle har sine idear og uttrykk med bildene sine, dette skal vi gå igjennom denne dagen.
Her må alle ha med seg bilete sjølve, eller vi lagar eit tema og går ut å brukar kamera.
Dette får vi lodde stemninga på lørdagen.
Vi vil diskutere mykje om kva tankar vi har kring bildene våre.
Ta med bærbar Pc eller Mac.
Vi jobbar i JPG, då ikkje alle har program som konverterar RAW filer.

Monday, March 4, 2013

Møte onsdag 06.03.13 kl 19.00

Fotovurdering ta med 3 bilder kvar, som vi diskuterer i plenum.
Bildene fra Standa festivalen har og kommet!

Monday, February 25, 2013

Fotofilosofi

På tampen av årsmøtet leste kjære nyvalgte leder Svein Nesbakk opp noen tanker han hadde gjort seg.



Uansett kor lang linse du har er det alltid nokon som har lenger. 
Uansett kor stort apparat du har er det alltid nokon som har større. 
Uansett kor gode bilder du tar er det alltid nokon som tar betre. 
Uansett kor mange bilder du tar er det alltid nokon som tar fleire

Fortvil likevel ikkje, sjølv om du aldri vil bli størst eller best har du funne deg ein hobby du kan drive med resten av livet og du kan ta dei bilda akkurat du likar best. 
Spør andre om gode råd, men vær ikkje redd for å gå dine eigne vegar og finne din eigen stil, det er berre du som veit akkurat korleis du vil ha bilda dine. 
Kanskje kjem den dagen at publikum kjenner igjen uttrykket i bilda dine fordi det er berre du som har fantasi til å lage akkurat dei bilda. 
Gå gjerne utanfor allfarveg og opptrakka stiar, det der der folk sjeldan ferdast du finn dei beste motiva, og kanskje ser du noko ingen har oppdaga før.
Har du gode idear, vær ikkje redd for å dele dei med andre.   
Kanskje kan akkurat din ide være grunnlaget for noko alle kan ha glede av. 
Vær ikkje redd for å gjere feil,om du gjer 49% feil og 51% rett peikar nåla rette vegen. 

Wednesday, January 23, 2013

Årsmøteinnkalling 2013

Det blir med dette kalla inn til årsmøte i Nordfjord Fotoklubb

20. februar kl 19.00 i lokala til Z-Fotostudio. 

Saker som ein ønskjer skal bli handsama på årsmøtet, må vere styret i hende seinast to veker før
årsmøtet.

Styret
 
 
 
-------------------
 
Vi minner samtidig om medlemskontingenten:
 
Medlemskap i Nordfjord fotoklubb 2013
(inkludert medlemskap i NSFF)
Kr. 500 for 1 år.
Kr 250 frå 1.juli.

Halv pris for pensjonistar og studentar.

Betal innan 15.februar til kontonummer: 3705 15 63507
Kun medlemmar har stemmerett på årsmøte. Dei som ikkje betalar innan fristen vil også bli sletta frå medlemslista i NSFF.

Vennleg gje beskjed om du ikkje lenger vil vere medlem.

Thursday, January 17, 2013

Aktivitetar framover.

Vi startar opp igjen etter vinterdvalen.


Førebels aktivitetsplan for Nordfjord Fotoklubb 2013

Onsdag 30. januar kl 19.00 på Z-Fotostudio:
• Lars Lunde viser bilete frå Amerikaturen som han var på i jula.
• Innspel til aktivitetsplan for 2013. Vi diskuterer kva vi skal drive
med i fotoklubben i 2013, tema for klubbkveldar, tema for
kurs/workshops, kvar skal vi reise på tur osv.

Laurdag 2. og søndag 3. februar: Vi reiser til Ålesund/Moa på
workshop/kurs i naturfotografering med Kai Jensen som Ålesund
kameraklubb arrangerer. (Så langt er vi sju påmelde frå Nordfjord
Fotoklubb)
http://nordfjord-fotoklubb.blogspot.no/2012/12/workshop-i-naturfotografering-med.html

Onsdag 20. februar kl 19.00 i Z-Fotostudio: Årsmøte i Nordfjord Fotoklubb 2013.

Lør. 16. 0g søn. 17. mars, kl. 12.00 - 15.00: Fotoredigering ved Øystein Torheim.

EDIT: For resten av vårprogrammet: Se venstre marg. 

Wednesday, December 19, 2012

Workshop i Naturfotografering med

Kai Jensen

Ålesund Kameraklubb inviterer til kurs/workshop med naturfotograf Kai Jensen.

Kai har mange års erfaring innen natur/landskapsfotografering og fotoredigering.

Han e ren av landets mest ansette naturfotografer, og en ettertraktet kursholder.

Se forøvig : http://villmarksbilder.no/blogg






Tid: 2.- 3. februar 2013

Dette er en unik mulighet for både klubbens medlemmer, og medlemmer i andre klubber i regionen, til å kunne lære å ta enda bedre bilder.
Vi har hver enkelt mye å lære. Vi får mulighet for å utveksle efaringer, få god veiledning, og lære gjennom prøving og feiling.

Og ikke minst få mange gode tips og også lære noen triks.

Pris:    Kr 400,- for medlemmer i NSFF
            Kr 600,- for andre deltakere

Vær snar med å melde deg på ved å sende en post til:

    kaijensenworkshop@hotmail.com


Vi kommer til servere et vamt måltid/lunsj begge dagene til maks kr.100,-  Skriv om du er interesert i dette ved påmelding.

Vi starter begge dagene kl 11:00 og holder på til tidlig kveld.

Vi har fått låne lokaler på Brisk Kompetansesenter AS på Moa.
Vi vil der ha tilgang til nytt stort klasserom og fire grupperom om det skulle være behov for det.

Brisk Kompetansesenter AS er lokalisert vest for Amfi Moa Nord. En stor lang bygning like vest for parkeringsplassen utenfor helsehuset.


Vel møtt til en lærerik weekend !



Mvh


Ålesund Kameraklubb

Tuesday, November 27, 2012

Nordfjord Fotoklubb inntar Stranda Fotofestival

Fem bolde fotografer, ved fire av dem 
(Foto: Anna Wuttudal)











Forrige helg var klubben på Stranda Fotofestival.
Vi storkoste oss, og kom tilbake fulle av inntrykk og struttende av inspirasjon. 
Vi håper at dette blir en tradisjon.

Første Curatore Øsleby i dyp kontemplasjon over sammensettinga av bildene.
(Foto: Geir Magne Strøm)










Tittit titt Åshild.
(Foto: Geir Magne Strøm)










Bjørn Opsahl var blant foredragsholderne. 

Vi greide å "lure" han til å ta bilde av fotoklubb på tur. Frekkheta lenge leve. 
Det var rett og slett stor stas og rulle seg på gulvet sammen med Bjørn. 

Tusen takk Bjørn :-) Rock and roll is here to stay

(Foto: Bjørn Opsahl)











Det er forresten Lars Lunde sin plakat 
(montert opp på Berlebach trestativ) 
vi samles rundt.

Saturday, November 10, 2012

Fotofestival på Stranda - Vi stiller ut og deltar :-)

23.11.12 - 02.12.12 arrangerer Stranda Fotoklubb Stranda Fotofestival.. Selve festivalen er den første helga, resten av tida, vil utstillingene bli hengende.

Programmet finner du på hjemmesida til Stranda Fotoklubb http://strandafoto.no/

Programmet er spenstig og inneholder navn som Bjørn Oppsahl, Geir M. Brungot, Terje Hellesø, Dimitri Vasiliou, Terje Lindal, Malin Hellesø, og lederen i Stranda Fotoklubb; Svein Gulbrandsen.

I tillegg stiller flere lokale fotoklubber ut. Og DER er det vi kommer inn :-)
Klubben har bestemt at vi deltar med ett bilde hver.

Alle som vil delta leverer fil til utskrift til Lars Lunde innen mandag 19.11.12. Han tar 150 kroner for jobben.
Det er viktig at Lars gjør jobben for å sikre at bildene blir mest mulig like i presentasjonen. Om folk trenger hjelp til å finpusse bildene før utskrift, hjelper Lars med det.

Videre kjøper folk egne rammer på Europris. Da snakker vi svarte rammer med tilnærma firkanta lister. Størrelse 50cm x 40cm eller eventuelt 40 cm x 40 cm.
OBS! Andre rammer blir uten diskusjon underkjent.
Lurer du på noe så ikke nøl med å ta kontakt.

Vi oppfordrer også folk til å signere bildene. Gjerne på skikkelig vis, altså fysisk på bildet. Det, samt selve innramminga kan vi gjøre på møtet onsdag 21.11.12. Det møtet er satt av til planlegging av eventuell reise til festivalen.

Geir Magne og Tim reiser uansett opp fredag for å henge opp bildene. Vi kommer til å bli over til lørdagen.

Sunday, November 4, 2012

Onsdag 07.11. kl 19.00 The Woodmans

Onsdag 07.11. kl 19.00 i lokala til Z-fotostudio. 


Tommy snurrer film: The Woodmans (lenke).

Om vi ikke tar feil, så legger Tommy og opp til at vi skal prate litt om filmen etterpå. 



Du finner stoff om Francesca Woodman her:




Kortversjonene er at hun var en amerikansk fotograf som i hovedsak jobba med ulike selvportett. Mange av dem inneholder seksuelle elementer i form av ulik grad av nakenhet. Hun døde svært ung under tragiske omstendigheter. Etter sin død har hun nærmest hatt kultstatus i fotokretser.  

Opphavsrett gjør det vanskelig å vise bildene hennes i denne posten. Men det finnes utaldige eksempler på bildene hennes på nettet. Så det er bare google navnet hvis du ønsker å bli litt kjent med henne før du ser filmen.

Tuesday, October 16, 2012

Ålesundstur 26-28. okt.

Det er tid for tur!!

Fotoklubben reiser til Ålesund 26-28.oktober. Rom er reservert på
Ålesund vandrarhjem.
Prisen varierar litt alt etter antall sengeplassar pr. rom.
3 sengar på rommet er CA. 330 pr person
2 sengar er CA 425 pr prs.
Pr.natt.
Inkludert frukost. Om det var inkl. sengesett skal eg dobbelsjekke.
Bad på alle rom.
Felles kjøkken og opphaldsrom

Litt forskjellige prisar ut i frå internett og telefon-samtale.
Men det skal vi nok bli einige om.

Meld deg på til meg snarast, og innan 20.oktober.

Fotoklubben i Måløy vil og bli invitert med. 

Mvh
gunnalise.sodermann@gmail.com

mobil 41 51 73 59

Monday, October 15, 2012

17.10.12 Jon Kjøs viser naturfoto

(C) Jon Kjøs











Onsdag 17. oktober får Nordfjord Fotoklubb besøk av
fotoentusiasten Jon Kjøs (73) frå Markane i Hornindal.
Kjøs har fotografert sidan konfirmasjonsalderen,
men interessa har verkeleg teke av no etter at han vart pensjonist.
Han fotograferer alt mogeleg, men mest natur og er medlem i Biofoto.
Jon Kjøs har vore på ein del turar som er tilrettelagde for fotografering,
mellom anna to gonger til Finnland for å fotografere bjørn, ulv og jerv.
Bilete derifrå er noko av det Kjøs vil dele med medlemmene i fotoklubben
og andre fotointeresserte denne kvelden.

Tid og stad: Z-Fotostudio onsdag 17. oktober kl. 19.00.

Monday, October 1, 2012

Temafotografering 3.10.12

Ons. 3. okt.
kl 19.00 i Z-Fotostudio: Temafotografering. Vi vel eit tema, går ut og fotograferer og viser
bilda inne etterpå.

Husk å ta med kamera.

Monday, September 3, 2012

05.09. "Det pene i det stygge"

Onsdag 5.9. reiser vi til Måløy for å leite etter det vi kaller det "Det pene i det stygge" (eller bare for å slå av en prat med gode fotovenner).
For ikke å fornærme måløyværingene bør jeg kanskje vise til litt eksempler på det vi meiner med det pene i det stygge http://casadejeanette.blogspot.no/2011/12/maly-er-norges-mest-sexy-by.html

Vi køyrer frå Z-Fotostudio kl 18.00.

Ellers har vi og invitert oss selv på fotoutstillingen til Måløy fotoklubb (eller hva de nå heter). Der møtes vi klokka 20.00. Så vi får altså omtrent en time på oss til å leite etter motiv.

Thursday, August 30, 2012

Fullt program for Høsten 2012

Ons. 5. sept. :
Fototur til Måløy. Vi køyrer frå Z-Fotostudio kl 18.00. Tema: Det pene i det stygge.

Ons. 19. sept.
kl 19.00 i Z-Fotostudio: Alle tek med 10 bilde som dei vil vise.
Fritt tema. Vi øver oss på bildekritikk.

Ons. 3. okt.
kl 19.00 i Z-Fotostudio: Temafotografering. Vi vel eit tema,
går ut og fotograferer og viser bilda inne etterpå.

Ons. 17. okt.
kl 19.00 i Z-Fotostudio: Jon Kjøs viser naturbilde.

Fre. 26. - søn. 28. okt. :
Hausttur til Ålesund der vi m.a. skal ta gatefoto, fotografere arkitektur,
det maritime osv. Program vil bli laga seinare. Vi bur på vandreheim og
storkosar oss i lag. På tilbaketuren reiser vi ein tur innom Flø og Ulsteinvik.

Ons. 7. nov.
kl 19.00 i Z-Fotostudio: Fotofilm med Tommy Bredesen.

Ons. 21. nov. :
Planlegge tur til fotofestivalen på Stranda.

Fre. 23. og/eller laur 24. nov.:
Vi tek turen til fotofestival på Stranda.

Ons. 5. des.
kl 19.00 i Z-Fotostudio: Juleavslutning.
Alle tek med og viser 5 bilde som dei har teke dette året.

Etter nyttår blir fotoredigering tema dei tre første klubbkveldane.
Øystein er hovudansvarleg.

------------------------------------------------------------------------------

(Med forbehold om endringer. Om så skjer, vil vi sende epost med korrigert info
til medlemmene våre, og eventuelle andre intereserte).

Sunday, May 13, 2012

Ny dato for blåtur

Blåturen vert flytta frå onsdag 16. mai til onsdag 23. mai.

Oppmøte utanfor Z-Fotostudio klokka 18.30. Ansvarlege blåsjefar er Gunn-Alise Sødermann og Jeanette Løvoll.

På grunn av matservering, blir medlemmene oppmoda om å gje beskjed på førehand om dei blir med til Gunn-Alise Sødermann gunnalise.sodermann@gmail.com eller tlfg41 51 73 59.

Friday, May 11, 2012

Nordfjord Fotoklubb - medlemsutstilling


Nordfjord Fotoklubb skal lage ei fotoutstilling som skal henge i korridoren mot Eidsgata utanfor Coop Mega på Nordfjordeid. Alle medlemmene vert inviterte til å bidra med inntil fire bilete kvar i storleik ca 30 x 40 cm (A3). Bileta bør ha ei oppløysing på minimum 240 dpi. Lever gjerne bilete i jpg-format med full oppløysing. Kvar enkelt medlem betaler sjølv 150 kroner per bilete til Z-Fotostudio der Øystein og Tommy syter for å skrive ut bileta og klargjere dei for utstillinga. Medlemmene kan stikke innom med minnepinne til Z-Fotostudio eller sende bileta på e-post til oeytor@online.no så raskt som råd og seinast innan onsdag 23. mai.
  Vi satsar på at så mange som muleg av medlemmene stiller med bilete til fotoutstillinga. Utstillinga skal vise breidda i fotoklubben og du bestemmer sjølv motiva.
Øystein kan kontaktast på tlf 90 96 03 16 for eventuelle spørsmål om utstillinga.
Merk bileta med namn og nummerer bildefilene med 1,2,3,4 i prioritert rekkjefølgje. Kor mange bilete kvar medlem får delta med, vil vere avhengig av kor mange som sender inn bidrag.
Målet er å få opna utstillinga i byrjinga av juni.