Sandkasse og møtestad for Nordfjord Fotoklubb

Sunday, May 13, 2012

Ny dato for blåtur

Blåturen vert flytta frå onsdag 16. mai til onsdag 23. mai.

Oppmøte utanfor Z-Fotostudio klokka 18.30. Ansvarlege blåsjefar er Gunn-Alise Sødermann og Jeanette Løvoll.

På grunn av matservering, blir medlemmene oppmoda om å gje beskjed på førehand om dei blir med til Gunn-Alise Sødermann gunnalise.sodermann@gmail.com eller tlfg41 51 73 59.

Friday, May 11, 2012

Nordfjord Fotoklubb - medlemsutstilling


Nordfjord Fotoklubb skal lage ei fotoutstilling som skal henge i korridoren mot Eidsgata utanfor Coop Mega på Nordfjordeid. Alle medlemmene vert inviterte til å bidra med inntil fire bilete kvar i storleik ca 30 x 40 cm (A3). Bileta bør ha ei oppløysing på minimum 240 dpi. Lever gjerne bilete i jpg-format med full oppløysing. Kvar enkelt medlem betaler sjølv 150 kroner per bilete til Z-Fotostudio der Øystein og Tommy syter for å skrive ut bileta og klargjere dei for utstillinga. Medlemmene kan stikke innom med minnepinne til Z-Fotostudio eller sende bileta på e-post til oeytor@online.no så raskt som råd og seinast innan onsdag 23. mai.
  Vi satsar på at så mange som muleg av medlemmene stiller med bilete til fotoutstillinga. Utstillinga skal vise breidda i fotoklubben og du bestemmer sjølv motiva.
Øystein kan kontaktast på tlf 90 96 03 16 for eventuelle spørsmål om utstillinga.
Merk bileta med namn og nummerer bildefilene med 1,2,3,4 i prioritert rekkjefølgje. Kor mange bilete kvar medlem får delta med, vil vere avhengig av kor mange som sender inn bidrag.
Målet er å få opna utstillinga i byrjinga av juni.