Sandkasse og møtestad for Nordfjord Fotoklubb

Monday, February 25, 2013

Fotofilosofi

På tampen av årsmøtet leste kjære nyvalgte leder Svein Nesbakk opp noen tanker han hadde gjort seg.



Uansett kor lang linse du har er det alltid nokon som har lenger. 
Uansett kor stort apparat du har er det alltid nokon som har større. 
Uansett kor gode bilder du tar er det alltid nokon som tar betre. 
Uansett kor mange bilder du tar er det alltid nokon som tar fleire

Fortvil likevel ikkje, sjølv om du aldri vil bli størst eller best har du funne deg ein hobby du kan drive med resten av livet og du kan ta dei bilda akkurat du likar best. 
Spør andre om gode råd, men vær ikkje redd for å gå dine eigne vegar og finne din eigen stil, det er berre du som veit akkurat korleis du vil ha bilda dine. 
Kanskje kjem den dagen at publikum kjenner igjen uttrykket i bilda dine fordi det er berre du som har fantasi til å lage akkurat dei bilda. 
Gå gjerne utanfor allfarveg og opptrakka stiar, det der der folk sjeldan ferdast du finn dei beste motiva, og kanskje ser du noko ingen har oppdaga før.
Har du gode idear, vær ikkje redd for å dele dei med andre.   
Kanskje kan akkurat din ide være grunnlaget for noko alle kan ha glede av. 
Vær ikkje redd for å gjere feil,om du gjer 49% feil og 51% rett peikar nåla rette vegen.