Sandkasse og møtestad for Nordfjord Fotoklubb

Wednesday, January 23, 2013

Årsmøteinnkalling 2013

Det blir med dette kalla inn til årsmøte i Nordfjord Fotoklubb

20. februar kl 19.00 i lokala til Z-Fotostudio. 

Saker som ein ønskjer skal bli handsama på årsmøtet, må vere styret i hende seinast to veker før
årsmøtet.

Styret
 
 
 
-------------------
 
Vi minner samtidig om medlemskontingenten:
 
Medlemskap i Nordfjord fotoklubb 2013
(inkludert medlemskap i NSFF)
Kr. 500 for 1 år.
Kr 250 frå 1.juli.

Halv pris for pensjonistar og studentar.

Betal innan 15.februar til kontonummer: 3705 15 63507
Kun medlemmar har stemmerett på årsmøte. Dei som ikkje betalar innan fristen vil også bli sletta frå medlemslista i NSFF.

Vennleg gje beskjed om du ikkje lenger vil vere medlem.

Thursday, January 17, 2013

Aktivitetar framover.

Vi startar opp igjen etter vinterdvalen.


Førebels aktivitetsplan for Nordfjord Fotoklubb 2013

Onsdag 30. januar kl 19.00 på Z-Fotostudio:
• Lars Lunde viser bilete frå Amerikaturen som han var på i jula.
• Innspel til aktivitetsplan for 2013. Vi diskuterer kva vi skal drive
med i fotoklubben i 2013, tema for klubbkveldar, tema for
kurs/workshops, kvar skal vi reise på tur osv.

Laurdag 2. og søndag 3. februar: Vi reiser til Ålesund/Moa på
workshop/kurs i naturfotografering med Kai Jensen som Ålesund
kameraklubb arrangerer. (Så langt er vi sju påmelde frå Nordfjord
Fotoklubb)
http://nordfjord-fotoklubb.blogspot.no/2012/12/workshop-i-naturfotografering-med.html

Onsdag 20. februar kl 19.00 i Z-Fotostudio: Årsmøte i Nordfjord Fotoklubb 2013.

Lør. 16. 0g søn. 17. mars, kl. 12.00 - 15.00: Fotoredigering ved Øystein Torheim.

EDIT: For resten av vårprogrammet: Se venstre marg.