Sandkasse og møtestad for Nordfjord Fotoklubb

Tuesday, October 16, 2012

Ålesundstur 26-28. okt.

Det er tid for tur!!

Fotoklubben reiser til Ålesund 26-28.oktober. Rom er reservert på
Ålesund vandrarhjem.
Prisen varierar litt alt etter antall sengeplassar pr. rom.
3 sengar på rommet er CA. 330 pr person
2 sengar er CA 425 pr prs.
Pr.natt.
Inkludert frukost. Om det var inkl. sengesett skal eg dobbelsjekke.
Bad på alle rom.
Felles kjøkken og opphaldsrom

Litt forskjellige prisar ut i frå internett og telefon-samtale.
Men det skal vi nok bli einige om.

Meld deg på til meg snarast, og innan 20.oktober.

Fotoklubben i Måløy vil og bli invitert med. 

Mvh
gunnalise.sodermann@gmail.com

mobil 41 51 73 59

Monday, October 15, 2012

17.10.12 Jon Kjøs viser naturfoto

(C) Jon Kjøs











Onsdag 17. oktober får Nordfjord Fotoklubb besøk av
fotoentusiasten Jon Kjøs (73) frå Markane i Hornindal.
Kjøs har fotografert sidan konfirmasjonsalderen,
men interessa har verkeleg teke av no etter at han vart pensjonist.
Han fotograferer alt mogeleg, men mest natur og er medlem i Biofoto.
Jon Kjøs har vore på ein del turar som er tilrettelagde for fotografering,
mellom anna to gonger til Finnland for å fotografere bjørn, ulv og jerv.
Bilete derifrå er noko av det Kjøs vil dele med medlemmene i fotoklubben
og andre fotointeresserte denne kvelden.

Tid og stad: Z-Fotostudio onsdag 17. oktober kl. 19.00.

Monday, October 1, 2012

Temafotografering 3.10.12

Ons. 3. okt.
kl 19.00 i Z-Fotostudio: Temafotografering. Vi vel eit tema, går ut og fotograferer og viser
bilda inne etterpå.

Husk å ta med kamera.