Sandkasse og møtestad for Nordfjord Fotoklubb

Monday, October 15, 2012

17.10.12 Jon Kjøs viser naturfoto

(C) Jon Kjøs











Onsdag 17. oktober får Nordfjord Fotoklubb besøk av
fotoentusiasten Jon Kjøs (73) frå Markane i Hornindal.
Kjøs har fotografert sidan konfirmasjonsalderen,
men interessa har verkeleg teke av no etter at han vart pensjonist.
Han fotograferer alt mogeleg, men mest natur og er medlem i Biofoto.
Jon Kjøs har vore på ein del turar som er tilrettelagde for fotografering,
mellom anna to gonger til Finnland for å fotografere bjørn, ulv og jerv.
Bilete derifrå er noko av det Kjøs vil dele med medlemmene i fotoklubben
og andre fotointeresserte denne kvelden.

Tid og stad: Z-Fotostudio onsdag 17. oktober kl. 19.00.

No comments:

Post a Comment