Sandkasse og møtestad for Nordfjord Fotoklubb

Thursday, September 22, 2011

28. sept: Fotografering av "kost og mask" i Opera Nordfjord.

Møt opp i Operahuset Nordfjord kl 17.45.

Denne kvelden skal øve vi oss på å ta bilete utan blitz under vekslande lysforhold i Operahuset
Nordfjord.

Onsdag 28. september mellom kl 18.00 og 22.00 har Opera Nordfjord gjennomgang av Tryllefløyten
med kostyme. Nordfjord Fotoklubb har fått lov til å kome på vitjing for å øve på fotografering i dårleg
lys, men ON har sett nokre reglar som vi må følgje.
NB: Dersom forstyrrar for mykje, må vi rekne med å bli kasta ut.

* Lydmannen kan bli stressa. Ikkje gå og vas framføre lysa. VIS HENSYN!

* Ikkje publisere/legge bilete ut på nett før etter premieren som er laurdag 1. oktober.

* Ikkje bruk blitz.

* VER MUSESTILLE! Ikkje snakk inne i salen.

* Gå ikkje så nær at du forstyrrar dei som er på scena.

* Vere varsam med å ta bilete i stille sekvensar der du lett kan uroe med kameraklikk.

* Stå helst på sidene eller bak, eventuelt på galleriet.

* Maks 10 fotografar i gongen inne i salen.

Vi møtest klokka 17.45 i foajeen for ein rask utveksling av gode råd om fotografering i svakt og
vekslande lysforhold.

Vi fotograferer ein halvtimes tid. Går deretter ut i foajeen der vi kan gje kvarandre gode råd
og diskutere kva som fungerer når det gjeld ulike objektiv, fotografering med og utan stativ,
lysmålingsmetodar, innstilling når folk står stille eller er i bevegelse, kameraavstand frå salen eller
galleriet osv..

Den som vil kan ta med PC for å sjekke korleis bileta har blitt, for deretter å ta ein ny runde inn i salen
for å prøve igjen osv. osv.

No comments:

Post a Comment