Sandkasse og møtestad for Nordfjord Fotoklubb

Tuesday, October 22, 2013

Program for høsten 2013

Formann Svein har ordet

Onsdag 23. oktober:

Eg har gjort avtale med Eurofoto på Breim om å få kome inn der for å sjå på produksjonen deira og fotolabben. Vi møter ved studio kl 1630 for å fordele oss i bilane, avreise 1640. Ferja går kl 1700, og då er vi på Reed litt før kl 1800. Er det nokon som har bilde som de vil ha skrive ut vil Eurofoto spandere nokre eksemplar. Ta med bilda på minnepenn. Når vi er ferdige på Eurofoto etter 1-2 timar reiser vi ned på Sandane og går på resturant Mona Lisa. Dei har pizza, pasta og diverse andre rettar og kvar enkelt bestemmer kva og om ein vil ete. Trur det kan bli litt triveleg med ein tur til Gloppen. Ta med kamera, plutseleg dukkar det opp eitkvart som kan fotograferast.

Onsdag 6. november.

Vi møtast i studio kl 1900 der Lars Lunde tek føre seg avfotografering av gamle negativar/bilder og kva ein kan gjere med dei for å få skikkelege bilder utav dei.

Onsdag 20. november.

Den dagen er vi inviterte til Skei på portrettfotokurs/foredrag med Marcel Lelienhof som er ein av Norges beste og mest meritterte fotografar. Eg har ikkje fått alle detaljane enno, men kurset er på Skei hotell, og startar kl 1800. Vi må difor reise med 1630 ferja for å være sikker på å nå fram i tide. Kurset er gratis, men Reidar Helgheim på Skei vil ha påmelding så tenk over om du vil nedover. Eg kjem tilbake til fleire detaljar etterkvart. Dette kan bli veldig interessant og spanande!!!

Onsdag 4. desember.

Den kvelden blir det foredrag/bildeframsyning av Jorunn Breiteig og Inge Mykland som var på tur til Nepal i fjor. Jorunn er ein framifrå fotograf og har sikkert mange flotte bilder og spanande historier å fortelje om. Vi møter i studio kl 1900.
-----------------

Når det gjeld programmet etter nyttår har styret lagt ein liten grovplan, dette skal vi kome tilbake til etterkvart.

Dersom det skulle være spørsmål, idear eller kva som helst er dt berre å ta kontakt. Eg er stort sett tilgjengeleg frå kl 0700 om morgonen til kl 2300 om kvelden på telefon 90614751.
Vel møtt til førejulsfotoprogram.
Fotohelsing Svein

No comments:

Post a Comment